7.desember: Julesongar

Innhold

Herborg Kråkevik skriv i boka "Julesongar" at det å synge ilag både tar vare på nasjonalarv og tradisjon, men òg at det skapar band til andre kulturar: "Me må ikkje slutta å syngje saman, då mistar me noko som har gjort oss godt i hundrevis av år!".

Om det er å gå rundt juletreet med familien på julekvelden, å synge som ei stor forsamling på julegudsteneste eller å gå julebukk til naboar, så er det mange moglegheiter til å synge saman i jula. 

Eg er veldig glad i dei gamle julesalmane våre, og gler meg over å både høyre og synge dei når det blir advent (men ikkje før!).

7Desemberbilde

Ein av dei finaste eg veit om er skrive av Jonas Dahl i 1895, med melodi av sonen Alf Fasmer Dahl:

Nå vandrer fra hver en verdens krok
i ånden frem, i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem, mot Betlehem

Ein annan song som eg oppdaga for nokre år sidan er "Kling no, klokka" av Elias Blix. Den har ein nydelig melodi basert på ein folketone frå Oppdal, som er vel verd å høyre på. 

Kanskje du vil prøve å synge eller lytte til ein gamal eller ny julesang i år? 

Ragnhild

Til toppen